NABOEN MIN
rockesock

AKTUELT

Singback og hefte

Singback og hefte med tekstar og besifring er no tilgjengeleg som nedlasting. Her finn ein alle songane på albumet Rockesock. Materiellet er gratis og til fri bruk, og passar utmerka til skular og barnehagar som ynskjer å nytta musikken. Ein finn òg nokre av songane som singback med tekst på var youtubekanal. Tips gjerne andre du trur kan ha glede av dette. 

Her finn du filene:  SINGBACK   -   HEFTE

Me er diverre utseld for «Rockesock» i cd format.


Jule-EP 

Stjernedryss

Naboen Min gler seg no til å presentere dei nye julesongane. Her er det både stall, stjerner, klokkespel og reinsdyr, så her skal det vere nok av julestemning for både store og små. Me håpar at desse nye julesongane kan vere med på å gje både born og vaksne litt ekstra julestemning, og bidra til ei førjulstid med både humor og ettertanke.

Naboen Min må innrømme at me elskar jul. Samstundes er det mange som ikkje har det så kjekt i jula. To av songane handlar om små og store ting vi kan gjere for at andre skal få ei god juletid.

Tekstane er både koselege og alvorlege, og håpet er at dei kan treffe både born og voksne. I utgangspunktet er dette ei barneplate. Men det er jo det som er så fint med jula, at den på mange måtar handlar om å vere saman. Me håpar dette er ei plate heile familien kan høyre på medan dei baker pepperkaker eller kranglar om julemenyen.

EP-en er tilgjengelig på alle digitale strømmeplatformer frå og med 1. desember.

Spellemannspris!


FOTO: PRIVAT

Naboen Min mottok spellemannssprisen 2018 i kategorien barnemusikk. Utelinga fann stad på Chateau Neuf i Oslo 30. mars 2019, og naboane var sjølsagt i kjempeslag!

Bakgrunnen for prisen er debutalbumet «Rockesock» som kom ut 1. oktober 2018. Naboen Min vil gjerne retta ein stor takk til alle bidragsytarar:

Geir Dahle (bass), Thomas Gallatin (trommer), Arnt Thyve (orgel), Lars Gunnar Solsvik (piano), Iver Sandøy (mastering), Daniel Birkeland (teknikar), 2009- og 2010-kullet ved Norheimsund skule (kor) og sist men ikkje minst Gustav, Selma og Ludvig (song). 

Sparebanken Vest, Kvam herad og Bergen kommune fortener òg ein stor takk for økonomisk støtte. Utan dykk hadde det ikkje vorte noko innspeling!

TAKK!

Musikkvideo til «Rockesock»