Biografi

Frå sirkus til Spellemann

Naboen min er eit band samansett av forfattar og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og gitarist Bjørnar Sangolt. Heilt sidan dei vaks opp som naboar, har dei samarbeida om ulike musikalske prosjekt.    I femårsalderen begynte dei å arrangere eigne sirkusforestillingar i kjellaren i Norheimsund. Dette utvikla seg seinare til bandet Sirkus Bjøver.

Dei seinare åra har fokus vore på barnemusikk. I 2018 gav bandet ut debutplata «Rockesock». I 2019 gav dei ut "Stjernedryss", som er ein EP med 4 nye julesongar. I 2021 kom plata "Alt blir feil". I 2023 stod Naboen min for musikken til serien "Mine ville venner" på NRK Super.

Naboen min har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le. Musikken på albuma spenner frå rock til viser, og ein kan òg finne inspirasjon frå både reggae og country. I tekstane, som er på nynorsk, finn ein både humor og alvor. Ein får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Og om ein vil lære seg nokre gloser på romvesensk, er ein komen riktig stad. 

For plata "Rockesock" mottok bandet Spellemannsprisen i kategorien barnemusikk.

Live har Naboen Min som oftast med seg Einar Olsson (trommer) og Eirik Utne (bass). Dei er kjend frå band som til dømes Casiokids, Alibiet, Kiss Kiss King Kong, Good Time Charlie og Silja Sol.

Utanom Naboen Min, har Bjørnar i ei årrekkje vore aktiv som gitarist og produsent. Han har mellom anna spelt med Trygve Skaug, og i bandet StMorritz. I 2023 gav han ut soloplata "Glimt av deg". 

Vegard arbeider som lærar, illustratør og forfattar, og har gjeve ut fleire biletbøker for born. For «Timothy mister seg sjølv», som kom i 2010, fekk han Nynorsk Barnelitteraturpris. Med bøker og gitar, har han vore på talrike turnéar på barneskular rundt omkring i landet.


© 2023 Naboen Min
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis!