NABOEN MIN

Musikk til NRK Super

Mine ville venner

Naboen min har laga musikk til serien "Mine ville venner" på NRK Super! Serien handlar om Marthe og alle dei ulike dyra på garden Langedrag. Håpar at mange ser den flotte serien, og at mange vil høyre på tittelmelodien som ligg ute på alle straumetjenester!

Høyr songen og sjå serien HER!

Nytt album!

Alt Blir Feil

Hurra hurra i bøtter og spann!! Ny plate er endeleg ute! Alt blir feil! Enormt stas og ganske skummelt på same tid! Håpar mange høyrer på plata og finn sine favorittar! 

Takk til alle fabelaktige medhjelparar!! Thomas Gallatin for vidunderlig trommespeling! Lars Gunnar Solsvik for lekre pianotonar! Arnt Thyve for smakfullt orgel! Solveig Lønning Sangolt for strålande fløytespel! Iver Sandøy for deilig mastering! GUFF studio for rå produsentinnsats! IndiGoBoom for distribusjonshjelp! Og minst, men samtidig mest, takk til alle dei flinke ungane som har vore med på innspelinga! Både våre eigne ungar, vener og kjente sine ungar og ein god gjeng frå Øystese barneskule!! Magisk innsats på heile gjengen!

Svær takk også til Kulturrådet, Tekstforfatterfondet, Sparebanken Vest og Kvam herad for støtte til prosjektet!!

Men no: nok prat! Klikk deg heller inn på næraste musikkspelar og sjekk ut resultatet! Hent ungane og ta ein dans! Eller ein kvil viss det freistar meir! Her er det songar som skal passe til det meste!

https://open.spotify.com/artist/1L6KxKtjjH4RhEax4A0oTV?si=twWTIzJESOq8vCL3N2DH-A

Alt blir feil!

19. februar kom det ny musikk for store og små. Den rykande ferske singelen «Alt blir feil», er første singel frå plata ved same namn som kjem i april.

«Alt blir feil» kan på fleire måtar vise til ein følelse som mange har kjent på i seinare tid. Refrenget i songen har vore refrenget i heile det siste året: «Det som skulle bli så bra, blir det ingenting av!» Det har vore eit år med avlyste planar, avlyste besøk og avlyste konsertar. Ingenting har blitt slik som me trudde det skulle bli. 

Men Naboen min ynskjer ikkje å grave seg ned i elendighet. Det me treng no er ein dose skranglete gladpop med humoristisk snert. 

Høyr HER.

Ny plate på gang!

Naboen er endeleg i gang med ny plate! Vegard har skrive eit knippe med nye spinnhakkande sprøe songar, og Bjørnar har gjort ein fengande preproduksjon. Innspelinga foregår i GUFF studio i Øystese med Bjørnar som produsent og teknikar. Trommehelten Thomas Gallatin har vore innom og lagt på enormt bra trommegrooves, og jammen meg kunne han spela piano òg. For ein mann! 

Målet er å få plata ut i løpet av mars. 

Oppdateringar kjem etterkvart, så stay tuned.


Naboen min på Bergensfest 2020

Naboen min skulle eigenleg spela for ca. 2.000 barnehageborn på årets Bergensfest. Diverre vart dette avlyst grunna covid-19, men gjengen i Bergensfest let seg ikkje stoppa av den grunn. Måndag 8. juni vert det sendt konsert med Naboen min frå Bergenhus festning, der hovudscena på Bergensfest pleier å stå. Konserten vert vist på Bergensfest si facebookside, og vert òg tilgjengelig i etterkant. 20 barnehageborn fekk lov å vera publikum på konserten, og dei var verkeleg med på å lage topp steming!


Singback og hefte

Singback og hefte med tekstar og besifring er no tilgjengeleg som nedlasting. Her finn ein alle songane på albumet Rockesock. Materiellet er gratis og til fri bruk, og passar utmerka til skular og barnehagar som ynskjer å nytta musikken. Ein finn òg nokre av songane som singback med tekst på var youtubekanal. Tips gjerne andre du trur kan ha glede av dette. 

Her finn du filene:  SINGBACK   -   HEFTE

Me er diverre utseld for «Rockesock» i cd format.


Jule-EP 

Stjernedryss

Naboen Min gler seg no til å presentere dei nye julesongane. Her er det både stall, stjerner, klokkespel og reinsdyr, så her skal det vere nok av julestemning for både store og små. Me håpar at desse nye julesongane kan vere med på å gje både born og vaksne litt ekstra julestemning, og bidra til ei førjulstid med både humor og ettertanke.

Naboen Min må innrømme at me elskar jul. Samstundes er det mange som ikkje har det så kjekt i jula. To av songane handlar om små og store ting vi kan gjere for at andre skal få ei god juletid.

Tekstane er både koselege og alvorlege, og håpet er at dei kan treffe både born og voksne. I utgangspunktet er dette ei barneplate. Men det er jo det som er så fint med jula, at den på mange måtar handlar om å vere saman. Me håpar dette er ei plate heile familien kan høyre på medan dei baker pepperkaker eller kranglar om julemenyen.

EP-en er tilgjengelig på alle digitale strømmeplatformer frå og med 1. desember.


Spellemannspris!


FOTO: PRIVAT

Naboen Min mottok spellemannssprisen 2018 i kategorien barnemusikk. Utelinga fann stad på Chateau Neuf i Oslo 30. mars 2019, og naboane var sjølsagt i kjempeslag!

Bakgrunnen for prisen er debutalbumet «Rockesock» som kom ut 1. oktober 2018. Naboen Min vil gjerne retta ein stor takk til alle bidragsytarar:

Geir Dahle (bass), Thomas Gallatin (trommer), Arnt Thyve (orgel), Lars Gunnar Solsvik (piano), Iver Sandøy (mastering), Daniel Birkeland (teknikar), 2009- og 2010-kullet ved Norheimsund skule (kor) og sist men ikkje minst Gustav, Selma og Ludvig (song). 

Sparebanken Vest, Kvam herad og Bergen kommune fortener òg ein stor takk for økonomisk støtte. Utan dykk hadde det ikkje vorte noko innspeling!

TAKK!

Musikkvideo til «Rockesock»

© 2023 Naboen Min
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis!